25 Ta Aron og Elasar, son hans, og før dei opp på Hor-fjellet.
26 Ta prestekleda av Aron og kle dei på Elasar, son hans! For der skal Aron bli sameina med folket sitt og døy.»
27 Moses gjorde som Herren hadde pålagt han. Medan heile forsamlinga såg på, steig dei opp på Hor-fjellet.
28 Moses tok prestekleda av Aron og kledde Elasar, son hans, med dei. Så døydde Aron der oppe på toppen av fjellet. Då Moses og Elasar kom ned att,
29 skjøna heile forsamlinga at Aron var død. Og heile Israels hus gret over Aron i tretti dagar.