7 og Herren sa til Moses:
8 «Ta staven og kall forsamlinga saman, du og Aron, bror din. De skal tala til berget for auga på dei. Då skal det gje frå seg vatn. Du skal få vatn til å strøyma ut til dei frå berget. Slik skal du la folk og buskap få drikka.»
9 Moses tok staven som låg for Herrens andlet, slik han hadde pålagt han.
10 Han og Aron kalla forsamlinga saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de opprørarar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma ut til dykk frå dette berget?»
11 Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då fossa vatnet fram, og både folket og buskapen deira drakk.
12 Men Herren sa til Moses og Aron: «De trudde ikkje på meg og helga meg ikkje for auga på israelittane. Difor skal de ikkje få føra denne forsamlinga inn i det landet eg har gjeve dei.»
13 Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han viste at han er heilag.