1 Kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at Israel gjekk fram på vegen til Atarim. Han gjekk til åtak på Israel og tok nokre av dei til fange.
2 Då gav Israel denne lovnaden til Herren: «Gjev du dette folket i våre hender, skal vi slå byane deira med bann og utsletta dei.»
3 Herren høyrde Israels bøn og gav kanaanearane i deira hender. Og dei slo både kanaanearane og byane deira med bann og utsletta dei. Difor fekk staden namnet Horma.
4 Så braut dei opp frå Hor-fjellet og tok vegen mot Sivsjøen. For dei ville gå utanom Edom-landet. Men på vegen vart folket utolmodig
5 og tok til orde mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut frå Egypt for å døy i ørkenen? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne elendige maten.»
6 Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.
7 Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.