11 Sidan braut dei opp frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i ørkenen austafor Moab.
12 Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen.
13 Derifrå braut dei opp og slo leir på den andre sida av Arnon, i den ørkenen som strekkjer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittane.
14 Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»:Vaheb i Sufa og dalane,Arnon
15 og dalsidasom strekkjer seg ned mot Arog når til Moabs grense.
16 Så drog dei til Beer. Det er den brønnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!»
17 Då song Israel denne songen:Du brønn, vell opp!Syng til den