16 Så drog dei til Beer. Det er den brønnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!»
17 Då song Israel denne songen:Du brønn, vell opp!Syng til den
18 brønnensom hovdingar har grave ut,som dei fremste menn i folket har boramed septer og styrarstav.Frå ørkenen drog dei til Mattana,
19 frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot
20 og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over øydemarka.
21 Israel sende bodberarar til amorittkongen Sihon og sa:
22 «Lat meg få dra gjennom landet ditt! Vi skal ikkje svinga inn på åkrar eller vinmarker og ikkje drikka vatn or brønnane. Vi skal følgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»