21 Israel sende bodberarar til amorittkongen Sihon og sa:
22 «Lat meg få dra gjennom landet ditt! Vi skal ikkje svinga inn på åkrar eller vinmarker og ikkje drikka vatn or brønnane. Vi skal følgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»
23 Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet sitt. Han samla heile hæren sin og drog ut mot Israel i ørkenen. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei.
24 Men Israel slo han med sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot ammonittane var det sterke forsvarsverk.
25 Alle desse byane tok Israel. Og Israel busette seg i amorittbyane, i Hesjbon og i alle landsbyane som høyrde til.
26 For Hesjbon var byen til amorittkongen Sihon. Han hadde ført krig mot den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.
27 Difor seier diktarane:Kom til Hesjbon, bygg byen opp att,gjer han urokkeleg, Sihons by!