25 Alle desse byane tok Israel. Og Israel busette seg i amorittbyane, i Hesjbon og i alle landsbyane som høyrde til.
26 For Hesjbon var byen til amorittkongen Sihon. Han hadde ført krig mot den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.
27 Difor seier diktarane:Kom til Hesjbon, bygg byen opp att,gjer han urokkeleg, Sihons by!
28 For eld gjekk ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihons by,han fortærte Ar i Moab,slukte Bamot ved Arnon.
29 Ve deg, du Moab!Det er ute med deg, du Kemosj-folk.Han har gjort sønene sine til flyktningar,sendt døtrene som fangeferdtil amorittkongen Sihon.
30 Vi skaut dei ned,Hesjbon ligg aud til Dibon.Vi herja heilt til Nofah,som ligg bortmed Medeba.
31 No slo Israel seg ned i amorittlandet.