31 No slo Israel seg ned i amorittlandet.
32 Moses sende folk som skulle spionera i Jaser. Dei tok byane der omkring og dreiv ut amorittane som budde der.
33 Så snudde dei og drog oppover til Basan. Då drog kong Og i Basan ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre'i.
34 Då sa Herren til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera det same med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»
35 Då slo dei han og sønene hans og heile hæren hans. Ingen overlevande vart att. Så tok dei landet i eige.