8 Då sa Herren til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.»
9 Moses laga ein koparslange og sette han på stonga. Og når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva.
10 Israelittane braut opp, og dei slo leir ved Obot.
11 Sidan braut dei opp frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i ørkenen austafor Moab.
12 Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen.
13 Derifrå braut dei opp og slo leir på den andre sida av Arnon, i den ørkenen som strekkjer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittane.
14 Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»:Vaheb i Sufa og dalane,Arnon