15 Då sende Balak andre hovdingar, fleire og av høgare byrd enn dei første.
16 Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Eg bed deg, lat ikkje noko hindra deg i å koma til meg!
17 For eg skal visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom no og forbann dette folket for meg!»
18 Bileam svara tenarane til Balak: «Om Balak gav meg alt sølv og gull han har i huset, kunne eg ikkje gå imot det Herren min Gud seier, korkje i smått eller stort.
19 No bed eg om at de òg må vera her i natt, så får eg vita kva meir det er Herren vil seia meg.»
20 Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg.»
21 Om morgonen stod Bileam opp, sala eselhoppa si og drog av stad saman med Moab-hovdingane.