2 Balak, son til Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amorittane,
3 og i Moab steig redsla for dette folket som var så talrikt. Dei var redde for å møta Israel.
4 Moab sa til dei eldste i Midjan: «No kjem denne bølingen til å beita ned alt omkring oss her, akkurat som når oksane beiter graset snautt ute på markene.»På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab.
5 Han sende bodberarar til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der folket hans budde. Dei skulle be han koma, og seia: «Sjå, eit folk har drege ut frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk, og dei har slege seg ned beint framfor meg.
6 No må du koma og forbanna dette folket! Dei er for talrike for meg. Kanskje eg då kan slå dei og driva dei ut av landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.»
7 Dei eldste i Moab og dei eldste i Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.
8 Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg seia dykk det Herren har sagt til meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hos Bileam.