20 Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg.»
21 Om morgonen stod Bileam opp, sala eselhoppa si og drog av stad saman med Moab-hovdingane.
22 Då flamma Guds vreide opp fordi han drog, og Herrens engel stilte seg framfor han på vegen som ein motstandar. Sjølv kom han ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine.
23 Då fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam slo eselet for å få det inn att på vegen.
24 Sidan stilte Herrens engel seg på ein smal veg mellom vinmarkene. Det var steingard på begge sider.
25 Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten til Bileam mot steinane. Då slo han det ein gong til.
26 Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stilte seg på ein trong stad, der det ikkje var plass til å vika unna, korkje til høgre eller venstre.