25 Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten til Bileam mot steinane. Då slo han det ein gong til.
26 Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stilte seg på ein trong stad, der det ikkje var plass til å vika unna, korkje til høgre eller venstre.
27 Då eselet fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. Raseriet flamma opp i Bileam, og han slo eselet med staven sin.
28 Då gav Herren eselet munn og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.»
29 Bileam svara eselet: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepa deg no!»
30 Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei», svara han.
31 Då opna Herren auga til Bileam, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks bøygde han seg og kasta seg ned med andletet mot jorda.