26 Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stilte seg på ein trong stad, der det ikkje var plass til å vika unna, korkje til høgre eller venstre.
27 Då eselet fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. Raseriet flamma opp i Bileam, og han slo eselet med staven sin.
28 Då gav Herren eselet munn og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.»
29 Bileam svara eselet: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepa deg no!»
30 Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei», svara han.
31 Då opna Herren auga til Bileam, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks bøygde han seg og kasta seg ned med andletet mot jorda.
32 Herrens engel sa til han: «Kvifor har du no tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd.