6 No må du koma og forbanna dette folket! Dei er for talrike for meg. Kanskje eg då kan slå dei og driva dei ut av landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.»
7 Dei eldste i Moab og dei eldste i Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak.
8 Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg seia dykk det Herren har sagt til meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hos Bileam.
9 Gud kom til Bileam og sa: «Kven er desse mennene du har hos deg?»
10 Bileam svara Gud: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt bod til meg:
11 Sjå dette folket som har kome frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk. Du må koma og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut.»
12 Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna folket, for det er velsigna.»