1 Då sa Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!»
2 Balak gjorde som Bileam sa, og dei ofra ein okse og ein vêr på kvart altar.
3 Så sa Bileam til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg går av stad. Kanskje Herren kjem til møtes med meg. Og det han lèt meg sjå, skal eg kunngjera deg.» Så gjekk han opp på ei snau høgd.
4 Gud kom til møtes med Bileam, og Bileam sa til han: «No har eg stelt til dei sju altara, og på kvart altar har eg ofra ein okse og ein vêr.»
5 Då la Herren ord i munnen på Bileam og sa: «Gå tilbake til Balak og sei det eg har sagt deg.»
6 Bileam gjekk tilbake og fekk sjå Balak stå bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar.
7 Då bar han fram sin visdomstale:Frå Aram vart eg henta av Balak,frå fjella i aust av Moabs konge:«Kom! Lys forbanning over Jakob for meg!Kom! Kall vreide ned over Israel!»