13 Men Balak sa til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du òg kan sjå folket. Men frå den staden kan du berre sjå utkanten av dei, og ikkje alle. Derifrå kan du forbanna dei for meg.»
14 Så tok han Bileam med seg til vakthaugen på toppen av Pisga-fjellet. Der bygde han sju altar, og på kvart altar ofra han ein okse og ein vêr.
15 Bileam sa til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg møter Gud der borte.»
16 Herren kom til møtes med Bileam og la ord i munnen hans. «Gå tilbake til Balak», sa han, «og sei det eg har sagt deg.»
17 Då Bileam kom att, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine. Moabs hovdingar stod saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren?»
18 Då bar han fram sin visdomstale:Reis deg, Balak, og høyr!Legg øyret til, du son til Sippor!
19 Gud er ikkje ein mann, så han lyg,eit menneskebarn, så han skifter hug.Gjer han ikkje det han seier,held han ikkje det han lovar?