16 Herren kom til møtes med Bileam og la ord i munnen hans. «Gå tilbake til Balak», sa han, «og sei det eg har sagt deg.»
17 Då Bileam kom att, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine. Moabs hovdingar stod saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren?»
18 Då bar han fram sin visdomstale:Reis deg, Balak, og høyr!Legg øyret til, du son til Sippor!
19 Gud er ikkje ein mann, så han lyg,eit menneskebarn, så han skifter hug.Gjer han ikkje det han seier,held han ikkje det han lovar?
20 Eg fekk i oppdrag å velsigna.Velsignar han, kan ikkje eg gjera det om.
21 Det er ingen vondskap i sikte for Jakob,inga ulukke å sjå for Israel. Herren deira Gud er med dei,med jubelrop blir kongen hylla hos dei.
22 Gud, som førte dei ut av Egypt,har styrke som ein villokse.