19 Gud er ikkje ein mann, så han lyg,eit menneskebarn, så han skifter hug.Gjer han ikkje det han seier,held han ikkje det han lovar?
20 Eg fekk i oppdrag å velsigna.Velsignar han, kan ikkje eg gjera det om.
21 Det er ingen vondskap i sikte for Jakob,inga ulukke å sjå for Israel. Herren deira Gud er med dei,med jubelrop blir kongen hylla hos dei.
22 Gud, som førte dei ut av Egypt,har styrke som ein villokse.
23 For det er ingen som tek varsel i Jakob,det finst ikkje spådom i Israel.I rette tid blir det sagt til Jakob og Israelkva Gud har gjort.
24 Sjå, folket reiser seg som ei løvinne,som ei løve fer det opp!Det legg seg ikkje til rofør det har metta seg med rovog drukke blodet av dei det drap.
25 Då sa Balak til Bileam: «Du vil ikkje forbanna dei. Då skal du heller ikkje velsigna dei!»