23 For det er ingen som tek varsel i Jakob,det finst ikkje spådom i Israel.I rette tid blir det sagt til Jakob og Israelkva Gud har gjort.
24 Sjå, folket reiser seg som ei løvinne,som ei løve fer det opp!Det legg seg ikkje til rofør det har metta seg med rovog drukke blodet av dei det drap.
25 Då sa Balak til Bileam: «Du vil ikkje forbanna dei. Då skal du heller ikkje velsigna dei!»
26 Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg må gjera alt det som Herren seier?»
27 Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud synest det er rett at du forbannar folket for meg derifrå.»
28 Så tok Balak med seg Bileam opp på toppen av Peor-fjellet, der ein kan sjå ut over heile øydemarka.
29 Bileam sa til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!»