7 Då bar han fram sin visdomstale:Frå Aram vart eg henta av Balak,frå fjella i aust av Moabs konge:«Kom! Lys forbanning over Jakob for meg!Kom! Kall vreide ned over Israel!»
8 Kan eg forbanna densom Gud ikkje har forbanna?Kan eg kalla vreide nednår Herren ikkje er vreid?
9 Eg ser han frå toppen av berga,frå høgdene skodar eg han:Her er eit folk som bur for seg sjølv,det blir ikkje rekna blant andre folkeslag.
10 Kven kan telja Jakobs støvkorn,kven kjenner talet på Israels støvgrann?Gjev eg fekk døy slik den rettvise døyr,gjev livet mitt enda som hans!
11 Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer mot meg? Eg gav deg i oppdrag å forbanna fiendane mine, og sjå, no har du rikt velsigna dei!»
12 Bileam svara: «Skulle eg ikkje ta meg i vare og seia det Herren legg meg i munnen?»
13 Men Balak sa til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du òg kan sjå folket. Men frå den staden kan du berre sjå utkanten av dei, og ikkje alle. Derifrå kan du forbanna dei for meg.»