1 Bileam såg at det var godt i Herrens auge at Israel vart velsigna. Difor gjekk han ikkje bort og søkte varsel denne gongen, slik han hadde gjort dei andre gongene. I staden vende han andletet mot ørkenen.
2 Bileam lyfte auga og såg Israel som låg i leir, stamme for stamme. Då kom Guds ande over han,
3 og han bar fram sin visdomstale:Ord frå Bileam, son til Beor,ord frå mannen med det klåre auget,
4 ord frå ein som høyrer Guds taleog ser syn frå Den veldige,som sig saman, men med opna auge:
5 Kor vakre dine telt er, Jakob,dine bustader, Israel,