11 Kom deg no heim att! Eg sa eg skulle visa deg stor ære. Men sjå, den æra har Herren nekta deg.»
12 Bileam svara Balak: «Eg sa då alt til dei mennene du sende:
13 Om Balak gav meg alt sølv og gull han har i huset, kunne eg ikkje gå imot det Herren seier og gjera noko etter mitt eige hjarte, anten godt eller vondt. Det Herren har sagt, må eg seia.
14 Sjå, no dreg eg heim att til mitt eige folk. Men først vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera mot folket ditt i dagar som kjem.»
15 Så bar han fram sin visdomstale:Ord frå Bileam, son til Beor,ord frå mannen med det klåre auget,
16 ord frå han som høyrer Guds utsegn,som får kjenna kunnskapen frå Den høgsteog sjå syn frå Den veldige,som sig saman, men med opna auge:
17 Eg ser han, men ikkje no,eg skodar han, men ikkje nær.Ei stjerne stig opp or Jakob,ein kongsstav lyfter seg frå Israel.Han skal knusa Moabs tinningarog skallen på alle søner av Set.