4 ord frå ein som høyrer Guds taleog ser syn frå Den veldige,som sig saman, men med opna auge:
5 Kor vakre dine telt er, Jakob,dine bustader, Israel,
6 som vide dalar,som hagar langs ei elv,lik aloetre planta av Herren,lik sedrar langsmed vatnet.
7 Dogga dryp frå greinene,frøet får rikeleg med væte.Større enn Agag skal kongen deira vera,hans kongevelde skal lyftast høgt.
8 Gud, som førte han ut av Egypt,har styrke som ein villokse.Han sluker fiendefolk,knuser knoklane deiraog sårar med pilene sine.
9 Han har lagt seg til ro, han kviler som løva,som løvinna – kven vekkjer dei?Velsigna er den som velsignar deg,forbanna den som forbannar deg.
10 Då flamma Balaks vreide opp mot Bileam. Han slo hendene saman og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og sjå, no har du velsigna dei rikt tre gonger!