6 Men sjå, då kom ein mann, ein av israelittane, med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom sine eigne landsmenn, midt for auga på Moses og heile Israels forsamling, der dei sat og gret ved opninga til teltheilagdomen.
7 Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og tok eit spyd.
8 Så følgde han etter israelitten inn i soverommet og rende det gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane.
9 Men dei som hadde mista livet i pesten, var tjuefire tusen.
10 Herren sa til Moses:
11 «Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane fordi han viste brennande iver for meg mellom dei. Difor gjorde eg ikkje ende på dei i min eigen brennande iver.
12 Av den grunn skal du seia: Eg gjer mi fredspakt med han.