9 Men dei som hadde mista livet i pesten, var tjuefire tusen.
10 Herren sa til Moses:
11 «Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane fordi han viste brennande iver for meg mellom dei. Difor gjorde eg ikkje ende på dei i min eigen brennande iver.
12 Av den grunn skal du seia: Eg gjer mi fredspakt med han.
13 Med han og etterkomarane hans skal det gjerast ei pakt om presteteneste for all framtid, fordi han viste brennande iver for sin Gud og gjorde soning for israelittane.»
14 Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av leiarane i Simon-stammen.
15 Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi. Ho var dotter til Sur, som var leiar for ei av slektene i Midjan.