14 Det var Simon-slektene, 22 200 i talet.
15 Dette er etterkomarane av Gad, slekt for slekt: Frå Sefon kjem Sefon-slekta, frå Haggi Haggi-slekta, frå Sjuni Sjuni-slekta,
16 frå Osni Osni-slekta, frå Eri Eri-slekta,
17 frå Arod Arod-slekta og frå Areli Areli-slekta.
18 Det var slektene til Gad-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500.
19 Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan.
20 Dette er etterkomarane av Juda, slekt for slekt: Frå Sjela kjem Sjela-slekta, frå Peres Peres-slekta og frå Serah Serah-slekta.