18 Det var slektene til Gad-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500.
19 Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan.
20 Dette er etterkomarane av Juda, slekt for slekt: Frå Sjela kjem Sjela-slekta, frå Peres Peres-slekta og frå Serah Serah-slekta.
21 Dette er etterkomarane av Peres: Frå Hesron kjem Hesron-slekta og frå Hamul Hamul-slekta.
22 Det var Juda-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500.
23 Etterkomarane av Jissakar, slekt for slekt: Frå Tola kjem Tola-slekta, frå Puvva Puvva-slekta,
24 frå Jasjub Jasjub-slekta og frå Sjimron Sjimron-slekta.