21 Dette er etterkomarane av Peres: Frå Hesron kjem Hesron-slekta og frå Hamul Hamul-slekta.
22 Det var Juda-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500.
23 Etterkomarane av Jissakar, slekt for slekt: Frå Tola kjem Tola-slekta, frå Puvva Puvva-slekta,
24 frå Jasjub Jasjub-slekta og frå Sjimron Sjimron-slekta.
25 Det var Jissakar-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300.
26 Etterkomarane av Sebulon, slekt for slekt: Frå Sered kjem Sered-slekta, frå Elon Elon-slekta og frå Jahleel Jahleel-slekta.
27 Det var Sebulon-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500.