25 Det var Jissakar-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300.
26 Etterkomarane av Sebulon, slekt for slekt: Frå Sered kjem Sered-slekta, frå Elon Elon-slekta og frå Jahleel Jahleel-slekta.
27 Det var Sebulon-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500.
28 Etterkomarane av Josef, slekt for slekt, Manasse og Efraim:
29 Dette er etterkomarane av Manasse: Frå Makir kjem Makir-slekta og frå Gilead Gilead-slekta. Makir var far til Gilead.
30 Og dette er etterkomarane av Gilead: Frå Jeser kjem Jeser-slekta, frå Helek Helek-slekta,
31 frå Asriel Asriel-slekta, frå Sikem Sikem-slekta,