29 Dette er etterkomarane av Manasse: Frå Makir kjem Makir-slekta og frå Gilead Gilead-slekta. Makir var far til Gilead.
30 Og dette er etterkomarane av Gilead: Frå Jeser kjem Jeser-slekta, frå Helek Helek-slekta,
31 frå Asriel Asriel-slekta, frå Sikem Sikem-slekta,
32 frå Sjemida Sjemida-slekta og frå Hefer Hefer-slekta.
33 Selofhad, son til Hefer, hadde ingen søner, berre døtrer. Namna på døtrene til Selofhad var Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.
34 Det var Manasse-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 52 700.
35 Dette er etterkomarane av Efraim, slekt for slekt: Frå Sjutelah kjem Sjutelah-slekta, frå Beker Beker-slekta og frå Tahan Tahan-slekta.