31 frå Asriel Asriel-slekta, frå Sikem Sikem-slekta,
32 frå Sjemida Sjemida-slekta og frå Hefer Hefer-slekta.
33 Selofhad, son til Hefer, hadde ingen søner, berre døtrer. Namna på døtrene til Selofhad var Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.
34 Det var Manasse-slektene, og talet på dei som vart mønstra, var 52 700.
35 Dette er etterkomarane av Efraim, slekt for slekt: Frå Sjutelah kjem Sjutelah-slekta, frå Beker Beker-slekta og frå Tahan Tahan-slekta.
36 Dette er etterkomarane av Sjutelah: Frå Eran kjem Eran-slekta.
37 Det var slektene til Efraim-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 32 500. Det var etterkomarane av Josef, slekt for slekt.