37 Det var slektene til Efraim-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 32 500. Det var etterkomarane av Josef, slekt for slekt.
38 Dette er etterkomarane av Benjamin, slekt for slekt: Frå Bela kjem Bela-slekta, frå Asjbel Asjbel-slekta, frå Ahiram Ahiram-slekta,
39 frå Sjufam Sjufam-slekta og frå Hufam Hufam-slekta.
40 Bela hadde desse etterkomarane: Ard og Naaman. Frå Ard kjem Ard-slekta og frå Naaman Naaman-slekta.
41 Det var etterkomarane av Benjamin, slekt for slekt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 600.
42 Dette er etterkomarane av Dan, slekt for slekt: Frå Sjuham kjem Sjuham-slekta. Det var Dan-slektene, slekt for slekt.
43 Talet på dei som høyrde Sjuham-slektene til, var 64 400.