50 Det var Naftali-slektene, slekt for slekt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400.
51 Dette var dei av israelittane som vart mønstra, 601 730 i alt.
52 Herren sa til Moses:
53 «Mellom desse skal landet fordelast til odel og eige, etter folketalet.
54 Til dei talrike skal du gje ein stor eigedom og til dei fåtalige ein mindre. Kvar stamme skal få eigedom etter kor mange som vart mønstra.
55 Landet skal delast ved loddkasting. Dei skal få arvedel etter namna på stammane til fedrane deira.
56 Etter som loddet fell, skal kvar stamme, stor eller liten, få sin eigedom.»