1 No kom døtrene til Selofhad fram. Selofhad var son til Hefer, son til Gilead, son til Makir, son til Manasse, Josefs son. Døtrene heitte Mahla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.
2 Dei stilte seg opp framfor Moses og presten Elasar og leiarane og heile forsamlinga ved opninga til teltheilagdomen og sa:
3 «Far vår døydde i ørkenen, men han var ikkje med i den forsamlinga som sette seg opp mot Herren, Korahs forsamling. Han døydde på grunn av si eiga synd. Og han hadde ingen søner.
4 Skal namnet til far vår gå ut av slekta fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!»
5 Moses la saka deira fram for Herren,