16 «Må Herren, som er Gud over livsanden i alt som er av kjøt og blod, setja ein mann over forsamlinga,
17 ein som kan gå føre dei når dei dreg ut og når dei vender heim att, ein som kan føra dei ut og føra dei tilbake, så Herrens forsamling ikkje skal vera som sauer utan gjetar.»
18 Då sa Herren til Moses: «Ta Josva, son til Nun, ein mann som det er ånd i, og legg handa di på han!
19 Før han fram for presten Elasar og for heile forsamlinga, og set han inn i tenesta medan dei ser på.
20 Gjev han noko av den makta du sjølv har, så heile Israels forsamling må lyda han.
21 Men han skal gå fram for presten Elasar, som skal bruka urim og søkja avgjerder for han for Herrens andlet. På hans ord skal dei dra ut, og på hans ord skal dei venda attende, han og alle israelittane saman med han, heile forsamlinga.»
22 Moses gjorde som Herren påla han. Han tok Josva og førte han fram for presten Elasar og for heile forsamlinga.