4 Skal namnet til far vår gå ut av slekta fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!»
5 Moses la saka deira fram for Herren,
6 og Herren sa til han:
7 «Det er rett, det som døtrene til Selofhad seier. Gjev dei eigedom til arv saman med farbrørne deira, og lat farsarven gå over til dei!
8 Sei til israelittane: Når ein mann døyr sonelaus, skal de la arven etter han gå over til dottera.
9 Har han inga dotter heller, skal de gje arven til brørne hans.
10 Og har han ikkje brør, skal de la farbrørne hans få arven.