1 Den første dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då skal de ikkje gjera noko tungt arbeid. Det skal vera ein dag då hornet skal ljoma hos dykk.
2 De skal bera fram brennoffer til godange for Herren: ein ung okse, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil.
3 Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren
4 og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.
5 Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk.
6 Dette skal de ofra i tillegg til nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet, med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til, slik regelen seier. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.