4 og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.
5 Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk.
6 Dette skal de ofra i tillegg til nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet, med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til, slik regelen seier. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.
7 Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. De skal visa måtehald og ikkje gjera noko arbeid.
8 De skal ofra brennoffer til godange for Herren: ein okse, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil.
9 Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren
10 og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.