1 Dette er slektshistoria til Aron og Moses, på den tida då Herren tala til Moses på Sinai-fjellet.
2 Dette er namna på Aron-sønene: Nadab, den førstefødde, og Abihu, Elasar og Itamar.
3 Det er namna på sønene Aron hadde, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera presteteneste.
4 Nadab og Abihu døydde for Herrens andlet då dei bar fram uvigsla eld for han i Sinai-ørkenen. Dei hadde ingen søner. Sidan gjorde Elasar og Itamar presteteneste under Aron, far sin.
5 Herren sa til Moses: