14 Herren sa til Moses i Sinai-ørkenen:
15 «Du skal mønstra levittane, familie for familie og slekt for slekt. Alle av hannkjønn som er ein månad eller meir, skal du mønstra.»
16 Og Moses mønstra dei på Herrens ord, slik han var pålagd.
17 Dette er namna på sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari.
18 Dette er namna på sønene til Gersjon og slektene deira: Libni og Sjimi,
19 og sønene til Kehat og slektene deira: Amram, Jishar, Hebron og Ussiel,
20 og sønene til Merari og slektene deira: Mahli og Musji. Dette er Levi-slektene og familiane deira.