19 og sønene til Kehat og slektene deira: Amram, Jishar, Hebron og Ussiel,
20 og sønene til Merari og slektene deira: Mahli og Musji. Dette er Levi-slektene og familiane deira.
21 Til Gersjon høyrde slektene til Libni og Sjimi. Det er slektene til Gersjon-sønene.
22 Dei som vart mønstra frå desse slektene, var 7500 i talet. Alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, vart mønstra.
23 Slektene til Gersjon-sønene slo leir bak bustaden, mot vest.
24 Leiaren for familien deira var Eljasaf, son til Lael.
25 Gersjon-sønene skulle ta seg av teltheilagdomen, sjølve bustaden og teltet, taket på det og forhenget framfor opninga til teltheilagdomen,