26 omhenget rundt føregarden som låg kring bustaden og altaret, forhenget framfor opninga inn til føregarden, snorene og alt arbeidet med dette.
27 Til Kehat høyrde slekta til Amram-sønene, slekta til Jishar-sønene, slekta til Hebron-sønene og slekta til Ussiel-sønene. Det er slektene til Kehat-sønene.
28 Då alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var talde, var det 8600 mann som skulle utføra oppgåvene ved heilagdomen.
29 Slektene til Kehat-sønene slo leir på sørsida av bustaden.
30 Leiaren for familien deira var Elisafan, son til Ussiel.
31 Dei hadde ansvaret for paktkista, bordet, lysestaken, altara, tinga som dei nytta ved tenesta i heilagdomen, og forhenget og alt arbeidet med dette.
32 Den øvste leiaren for levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen.