35 Leiaren for farshuset til Merari-slektene var Suriel, son til Abihajil. Dei slo leir på nordsida av bustaden.
36 Merari-sønene hadde ansvar for å ta seg av plankane i bustaden, tverrstengene, stolpane og soklane, alle tinga der og alt arbeidet med dette,
37 dessutan stolpane kring føregarden med soklane, pluggane og snorene som høyrde til.
38 Moses og Aron og sønene hans slo leir framfor bustaden, framfor teltheilagdomen, mot soloppgangen i aust. Det var dei som utførte oppgåver for israelittane ved heilagdomen. Om ein uvigsla kjem nær, skal han døy.
39 Talet på levittane som Moses og Aron mønstra på Herrens ord, slekt for slekt, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 000.
40 Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei førstefødde i Israel, alle av hannkjønn som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet.
41 Du skal ta ut levittane. Dei er mine. Eg er Herren. Du skal ta dei ut i staden for alle dei førstefødde mellom israelittane, og feet til levittane i staden for alt det førstefødde blant feet til israelittane.