43 Talet på alle førstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 273.
44 Så sa Herren til Moses:
45 Ta levittane i staden for alle dei førstefødde mellom israelittane, og husdyra til levittane i staden for husdyra deira. Levittane er mine. Eg er Herren.
46 Men som løysepengar for dei 273 førstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar,
47 skal du ta fem sjekel for kvar. Ein sjekel er tjue gera etter vekta som blir brukt i heilagdomen.
48 Gjev pengane til Aron og sønene hans som løysepengar for dei som er overskytande mellom dei.
49 Moses tok imot løysepengane for dei som var fleire enn talet på dei som var løyste ut med levittane.