5 Herren sa til Moses:
6 Lat Levi-stammen koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han!
7 Dei skal gjera teneste for han og heile forsamlinga framfor teltheilagdomen og utføra tenesta ved bustaden.
8 Dei skal ta hand om alle tinga i teltheilagdomen og pliktene som israelittane har når dei gjer teneste ved bustaden.
9 Du skal gje levittane over til Aron og sønene hans. Mellom israelittane skal desse vera heilt og fullt overgjevne til han.
10 Aron og sønene hans skal du setja til å gjera presteteneste. Kjem ein framand nær det heilage, skal han døy.
11 Så sa Herren til Moses: