1 Dette sa Moses til israelittane. Det var heilt og fullt så som Herren hadde pålagt Moses.
2 Moses sa til overhovuda for Israel-stammane: Dette har Herren gjeve påbod om:
3 Den som gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, må ikkje bryta ordet sitt, men gjera alt han har lova.
4 Når ei ung kvinne som enno bur heime hos far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til å halda seg frå noko,