1 Herren sa til Moses:
2 «Fullfør hemnen frå israelittane over midjanittane! Sidan skal du sameinast med folket ditt.»
3 Då sa Moses til folket: «Nokre av dykk må væpna seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei.
4 Tusen mann frå kvar stamme, frå alle stammane i Israel, skal de senda ut i striden.»
5 Så vart tusen mann frå kvar stamme valde ut frå Israels tusen, i alt tolv tusen mann væpna til strid.