10 Dei sette eld på alle teltleirane og alle byane dei budde i.
11 Og dei tok med seg alt krigsbyttet og alt dei hadde teke, både av menneske og av dyr.
12 Fangane, krigsbyttet og det dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels forsamling, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.
13 Moses, presten Elasar og alle leiarane i forsamlinga gjekk til møtes med dei utanfor leiren.
14 Moses var sint på befalingsmennene som kom heim att frå striden, både førarane for tusen og førarane for hundre mann.
15 Han sa til dei: «Har de late alle kvinnene leva?
16 Hugs at det var desse som på Bileams ord lokka israelittane til å vera trulause mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens forsamling.