15 Han sa til dei: «Har de late alle kvinnene leva?
16 Hugs at det var desse som på Bileams ord lokka israelittane til å vera trulause mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens forsamling.
17 Slå no i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn.
18 Men alle småjenter som ikkje har lege med menn, skal de spara.
19 Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar.
20 Alle klesplagg, alle ting av skinn, alt som er laga av geiteragg, og alle ting av tre skal de reinsa.»
21 Presten Elasar sa til stridsmennene som hadde vore med på hærferda: «Dette er ei forskrift i den lova som Herren påla Moses: